NYHENDE!
April 2012
Ny VIDEO!
Mars 2011
Ny VIDEO!
Nyttår 2011
Ny VIDEO!
Desember 2010
NHE MAGAZINE nr.6
Sjette utgave av Nevzorov Haute Ecole Magazine "Equine Anthology vol. 6" er klar!
KLIKK HER
13. juli 2010
HALLVARD OG MINTZE!
28. april 2010
NHE MAGAZINE nr.4
Fjerde utgave av Nevzorov Haute Ecole Magazine "Equine Anthology vol. 4" er endelig klar!
KLIKK HER
20. februar 2010
NHE MAGAZINE nr.3
Tredje utgave av Nevzorov Haute Ecole Magazine "Equine Anthology vol. 3" er no tilgjengelig for nedlasting i pdf format. Løp og kjøp!
KLIKK HER
10. februar 2010
NY VIDEO!
Harm og Maia går amok! :-)
10. februar 2010
Hestesport dreper!
PETITION
NHE Against Equestrian Sport.
Me treng din stemme!
SIGNER HER
08. september 2009
NHE MAGAZINE nr.2
Andre utgave av Nevzorov Haute Ecole Magazine "Equine Anthology vol. 2" er no tilgjengelig for nedlasting i pdf format. Løp og kjøp!
KLIKK HER
21. april 2009
Stormy May artiklar
Tre nye aktuelle artiklar av Stormy May lagt ut.
KLIKK HER
15. mars 2009
NHE MAGAZINE
Første utgave av Nevzorov Haute Ecole Magazine "Equine Anthology vol. 1" er no tilgjengelig for nedlasting i pdf format. Løp og kjøp!
KLIKK HER
2. februar 2009
VIDEO AV MAIA`s FØRSTE SPANSKE STEG!
22. desember 2008
TO NYE ARTIKLAR
om skoing og barfothest, "Sko vs barfot del 1 og 2" publisert.
Artiklane tar for seg fordeler og ulemper med skoing, barfot trim og problem som kan oppstå i overgangsfasen fra sko til barfot. Artiklane er basert på moderne viten om hovens anatomi og egentlige funksjon.
KLIKK HER!
Etablert av Alexander Nevzorov. Skulen har sitt utspring i Antoine de Pluvinel (1552-1620) sine idear og observasjonar. Han sa:
"The horse carry more willingly a man on the back than a bit in his mouth".
I motsetning til dei fleste andre gamle mestere frå same tidsperiode er Pluvinel kanskje mest kjent for sin venlege og humane treningsmetode.
Sjølv om Antoine var fullstendig klar over bittets rolle er det først 400 år etter at gåten til hestens naturlege samling fullstendig utan bruk av bitt eller tvang er løyst.
Alexander Nevzorov tar Haute Ecole inn i ein ny tidsalder og skulen heiter no Nevzorov Haute Ecole.
Hestens helse og velbehag er absolutt første prioritet. Å tilby ein sunn livsstil og levevilkår er alfa og omega for å kunne forholde seg til hesten på eit normalt vis
utan bruk av tvangsmidlar.
Skulen strevar etter den ypperste mentale og fysiske utvikling av hestens naturlege talenter og baserer seg på grundig kunnskap om anatomi og fysiologi.
Skulen seier at hesten ikkje er meint for ridning eller bruk av bitt. Hesten er eit veldig sårbart vesen, og god helse er grunnlaget for eit sunt forhold til mennesket.
Hesten skal ikkje sraffast, og uttalelsar på hestens vegner er ikkje tillatt.
"A horse is not a mode of transportation, but a living creature with a soul, heart, perfect mind and capability to learn.
She is phenomenally smart and ready to cooperate with a man without force."
A. Nevzorov
The horse is always right! The horse is an exact science!
For å lære meir om Nevzorov Haute Ecole er det muleg å melde seg inn i ein internettbasert
skule.
ALEXANDER
Eit ord for å beskrive Alexander er kompromisslaus. Han er ikkje redd for å snakke høgt, og han kallar ein spade for ein spade.
Samtidig er han eit absolutt geni og saman med egenskapen å
uttrykke seg på ein veldig dramatisk måte, er det ikkje alltid uttalelsane hans faller i god jord.
Og resultatane han oppnår talar for seg. Det er ingen tvil om at han har skapt den framtidige Haute Ecole.
Han er omdiskutert og har mange motstandere såvel som tilhengere. Framleis er folk i sjokk verden over og kan ikkje tru det er muleg å lære ein
hest så enkle ting som spanske skritt utan bruk av manipulasjon og tvang. Mistru er ein vanleg reaksjon.
Det han viser er også så feilfritt og perfekt at det kan virke som det er vanskelig for mange å identifisere seg med han. Men Haute Ecole har heller
aldri vore for folk flest. Kravet til sjølvdisiplin er ekstremt høgt. Og saman med eit ekstraordinært talent så er ekstrem sjølvdisiplin ein egenskap
han har rikeleg av.
Sjølv seier han at det var ikkje hans talent som var avgjerande for hans suksess med hestar, men heller det faktum at han stoppa heilt å bruke bitt og tvang.
Alexander leder an ein heil skule med studentar som ønsker å lære hans Nevzorov Haute Ecole.
LYDIA
Hippologist og horsescientist.
Lydia er ein veldig generøs person. Ho er ein aktivist og dyrevern forkjempar og viar sitt arbeide til å fremme kunnskap til hestens beste.
Ho er fotograf, sjefsredaktør for Nevzorov Haute Ecole Magazine og Nevzorov Equine Anthology, har oppretta forumet, ein internettbasert skule
for dei som vil studere NHE og har skreve eit stort antal artiklar og bøker. Ho er også primus motor for "The Horse Revolution".
Saman med Alexander dannar dei eit perfekt team der dei utfyller kvarandre
på ein ekstraordinær måte. Ho er antagelig den som har gjort Alexander`s arbeide så viden kjent som det er i dag.
Alexander seier dette om si kone:
"My wife Lydia played a huge role in all this process, understanding that it's impossible to love horses correctly without a proper European education,
without some thorough knowledge of hippology. She finished a college [degree] in England and now continues her education acquiring extremely valuable
knowledge about horses."
NHE I NORGE
Fred Ivar Falck Husum er offisiell representativ for Nevzorov Haute Ecole i Norge