NYHENDE!
April 2012
Ny VIDEO!
Mars 2011
Ny VIDEO!
Nyttår 2011
Ny VIDEO!
Desember 2010
NHE MAGAZINE nr.6
Sjette utgave av Nevzorov Haute Ecole Magazine "Equine Anthology vol. 6" er klar!
KLIKK HER
13. juli 2010
HALLVARD OG MINTZE!
28. april 2010
NHE MAGAZINE nr.4
Fjerde utgave av Nevzorov Haute Ecole Magazine "Equine Anthology vol. 4" er endelig klar!
KLIKK HER
20. februar 2010
NHE MAGAZINE nr.3
Tredje utgave av Nevzorov Haute Ecole Magazine "Equine Anthology vol. 3" er no tilgjengelig for nedlasting i pdf format. Løp og kjøp!
KLIKK HER
10. februar 2010
NY VIDEO!
Harm og Maia går amok! :-)
10. februar 2010
Hestesport dreper!
PETITION
NHE Against Equestrian Sport.
Me treng din stemme!
SIGNER HER
08. september 2009
NHE MAGAZINE nr.2
Andre utgave av Nevzorov Haute Ecole Magazine "Equine Anthology vol. 2" er no tilgjengelig for nedlasting i pdf format. Løp og kjøp!
KLIKK HER
21. april 2009
Stormy May artiklar
Tre nye aktuelle artiklar av Stormy May lagt ut.
KLIKK HER
15. mars 2009
NHE MAGAZINE
Første utgave av Nevzorov Haute Ecole Magazine "Equine Anthology vol. 1" er no tilgjengelig for nedlasting i pdf format. Løp og kjøp!
KLIKK HER
2. februar 2009
VIDEO AV MAIA`s FØRSTE SPANSKE STEG!
22. desember 2008
TO NYE ARTIKLAR
om skoing og barfothest, "Sko vs barfot del 1 og 2" publisert.
Artiklane tar for seg fordeler og ulemper med skoing, barfot trim og problem som kan oppstå i overgangsfasen fra sko til barfot. Artiklane er basert på moderne viten om hovens anatomi og egentlige funksjon.
KLIKK HER!
INTRODUKSJON
Som eit resultat av nyare vitenskapelig forskning og ein djupare
forståelse av hestens natur og vesen gjennomgår trening av hest for tiden ein rivande utvikling på verdensbasis.
Ledande i denne utviklinga er Alexander og Lydia Nevzorov frå St. Petersburg i Russland. Dei er verdskjende for sine oppsiktsvekkande resultat og
kontroversielle filosofi. Endringane er så dramatiske at dei kan ikkje karekteriserast som mindre enn revolusjonerande.
Hesten har sidan den blei domestisert som husdyr blitt behandla meir som ein bruksgjensatand enn ein partner. Ved bruk av dominans
og smertefulle hjelpemiddel som blant anna bitt og pisk lar hesten seg lett dressere til å lystre den minste kommando. Slik har hesten
vore kua og underlagt menneskets vilje i årtusener.
Med litt kunnskap om Darwins utviklingslære er det lett å forstå at hesten i kampen for å overleve mot rovdyr har utvikla seg til å skjule eventuelle svakheiter
så godt som muleg. Dei vil heller prøve å vise seg så sterke og friske som dei kan. I relasjon til mennesket så er dette blitt hestens store forbannelse.
det ser ut som at hesten er heilt ute av stand til å uttrykke smerte på ein slik måte at mennesket kan forstå det. Derfor er bruk av hjelpemiddel som stålstenger i munnen,
jernpiggar mot ribbebeina og utsrakt bruk av pisk desverre veldig vanleg. Det same hadde nok straks blitt forbudt hadde det blitt gjort mot for eksempel ein hund eller ein katt.
Det kan virke som det er vanskelig for mennesket å forstå den tortur som hesten gjennomgår kvar dag.
Hestar blir vanlegvis skodde med jernsko. Jernskoens alvorleg negative effekt på blodsirkulasjon, skjelett, musklar og ligament er etterkavrt
veldokumentert. Likevel vert det å holde hesten utan sko ofte sett ned på som mindreverdig. I realiteten er skoing av hest eit direkte overgrep og ein vesentleg
forringelse av eit anna levande vesen sin livskvalitet. Ein reknar med at levetiden blir redusert ned til mindre enn ein tredjedel.
Bruken av bitt er målt til å gi eit trykk på intil 300 kg pr kvadrat cm direkte på kjevebeinet. Bitt blir i dag brukt til nesten all håndtering og bruk av hest.
Det vere seg utstillingar, dressur, sprang, kjøring, polo, trav eller galopp. I tillegg til bittet blir også pisken som regel flittig brukt.
Dette kan ein sjå veldig tydeleg der hestesport blir praktisert. Hestane får store skader og lidelsar påført åpenlyst og kontinuerlig. Likevel kan det virke
som ingen legger merke til det. Hard tvang og manipulering virkar til å vere normen for omgang med hest.
REVOLUSJONEN
Men det er ein person som har rysta hesteverda, og det er Alexander Nevzorov.
Han har fått til det ingen før han i den fleire tusenårige historien mellom hest og menneske. Han trener sine hestar
til å utføre dei aller vanskeligaste øvelsar i Haute Ecole fullstendig utan bruk av tvang. Ingen bitt, ingen tøyler, stropper, sporar eller andre
hjelpemidler som påfører smerte eller skade. Kun ein cordeo som kviler på hestens skuldre blir brukt til kommunikasjon.
Alexander og Lydia har gitt ut fleire filmar, bøker og publikasjonar om sitt arbeide for og med hest. Dei har også utført mange vitenskapelige forsøk
for å dokumentere den misbruken som foregår og skadene som følger. Dei har oppretta eit eige vitenskapeleg organ for slikt arbeid som heiter
Nevzorov Haute Ecole Research Center.
Alexander er kompromisslaus og er ikkje redd for å kalle ein spade for ein spade. Det er ikkje unaturleg at det fører til ein del rabalder.
I sin siste film L.E.P. demonstrerer Alexander korleis ein hest lett kan lære seg logikken i menneskets språk ved å lese og stave latin.
Ulikt andre som for tiden påberoper seg tittelen verdens smarteste hest, seier Alexander at han lærer hesten å lese for å bevise overfor hesten at mennesket
også har inteligens og logikk i sine handlingar. Han kallar sin filosofi om utdannelse av hest for Nevzorov Haute Ecole og tar utdanning av hest inn i ein ny dimensjon.
Ein ny tidsepoke har begynt og vil antageleg bli definert som før og etter Alexander Nevzorov.
DEFINISJONAR
MODERNE DRESSUR
Konkurransebasert sport der resultat og medaljar av plastikk er første prioritet. Det blir konkurrert i enkle øvelsar som tempo, gangartskift, sidebevegelsar og vendingar.
Piaffe, passage og piruett er dei vanskeligaste øvelsane i denne sportsgreina.
Treningsmetoder er nesten utelukkande basert på smerte og ettergift.
Utstrakt bruk av hjelpemidlar som bitt, sporer, pisk og diverse innspenningstøyler. Populært i nyare tid er bruk av rollkur.
Ein treningsmetode der hesten blir tvungen til å bøye hode og nakke i ein ekstrem posisjon. Dette produserer hestar som vinner konkurranser,
men som samtidig etterlater seg ein fullstendig invalid hest etter kun kort tid.
Spesielt sterke dobble bitt (kandar) er obligatorisk i høgare klassar.
SPRANG
Konkurranse der hesten forserer hinder i rekkefølge på lukka bane. Bruken av smertefulle hjelpemidlar er hovedsaklelg av same prinsipp som i dressur.
Forutan skader frå bitt og pisk fører den ekstreme fysiske belastningen raskt til invaliditet.
TRAV OG GALOPPSPORT
Underholdning der lidelse av eit anna levande vesen blir brukt for å tilfredstille primitive menneskelige behov.*
Lungeblødning er veldig vanleg. I galoppsporten skjer dette nesten alle hestar (ca 90%) i løpet av dei tre første løp. Stort skadeomfang på skjelett, ligament og muskulatur.
Bildene under viser tydeleg alvoret. Desverre er ikkje så fatale tilfeller uvanleg. Det er vanleg nok til at fenomenet har fått slanguttrykket "crushing out".
Å trave i veldig raskt tempo er fullstendig unaturleg og det blir brukt sterke hjelpemiddel for å oppnå dette.
Blant anna eit ekstra bitt for å spenne opp hodet i ein unaturleg høg posisjon.
*All hestesport er utelukkande for menneskets fornøyelse og på hestens bekosning. Det er lett å sjå på konkurransehestars gjennomsnittlege aktive
periode og total levealder. Ca 70 til 90 % av alle sportshestar lider av magesår. (
referanse).
I trav og galoppsport har dei aller fleste hestar hatt si "glanstid" allerede før dei er ferdig utvokst.
NATURAL HORSEMANSHIP
Baserer seg på å etterligne alpha hestens adferd. Alpha hesten er den mest dominante hesten i flokken og hevder sin rett nådelaust.
Alpha hesten får alltid gjennomslag for sin vilje, men samtidig er dette hesten dei andre i flokken helst vil prøve å unngå.
Alpha hesten tilbringer derfor ofte mykje tid for seg sjølv og er som regel heller ikkje lederen i flokken.
Metoden er primitiv og effektiv og baserer seg på fysisk og psykisk press og ettergift. Produserer lydige og brukarvennlige hestar og
med denne metoden kan du vere sikker på å kunne misbruke hesten så mykje du vil med svært lite protestar. Populært også kalla "hestevisking".
TRADISJONELL HAUTE ECOLE
I sin tid var dette den høgste formen for dressur av hest. I tilleg til enkle dressur øvelsar på bakken inkluderer
Haute Ecole også såkalte "airs above ground".
Dette er avanserte øvelsar der hesten er delvis eller heilt i lufta under utførelsen. Eksempel på airs above ground er f.eks. levade og pesade (stå på bakbeina),
Courbette (hoppe på bakbeina) og Capriole (høgt hopp opp i lufta og sparke ut bak).
Tradisjonell Haute Ecole blir framleis praktisert av den Spanske Rideskolen i Wien og Cadre Noir i Samur. Utstrakt bruk av tvangsmidlar.
NEVZOROV HAUTE ECOLE
Trening av alle dei vanskelige øvelsane i Haute Ecole, men fullstendig utan tvangsmidlar. Baserer seg på kunnskap om hestens naturlige biomekanikk, anatomi
og fysiologi. Absolutt all påføring av smerte eller ubehag er fullstendig forbudt. Hestens helse og velbehag er første prioritet.
Treningsmetoden baserer seg på å henvende seg til hestens ovelegne intellekt og logiske sans. I tillegg til Haute Ecole øvelsar blir hesten stimulert til å
utvikle hjernen ved å lære forskjell på fargar, bokstavar, læring av lesing, skriving og korrigering av feil.
HR ATLAS
Klikk på bildet for å laste ned pdf av Horse Revolution Atlas
Alle rettigheiter til HR Atlas eies av
www.nevzorovhauteecole.com